onsdag 11. mars 2020

Time court residential and nursing home

sofia her,,, 
Eg er så heldig som er utplassert på Time Court Residential and Nursing home. Det er ein veldig stor sjukeheim med tre etasjar og som har mange ulike soner. Eg jobber i nedre  og Edel-Anne som også er utplassert her  jobber i øvste etasjen. Vi vart tatt i mot av vår veileder som viste oss rundt på heile bygget og kva vi måtte gjer om det evt. skulle begynne å brenne (dei har brann øvinga kvar onsdag). Ho var veldig sjokkert når ho høyrde om kor langt vi måtte reise for å komme oss til arbeidsplassen og synest at vi burde få ein kortare arbeidsdag slik at vi ikkje kom inn i "the rush time". Vi skulle eigentleg jobbe frå kl.10.00 - 16.30, men ho endra det til kl. 15.30 :-) 
Bilderesultater for time court residential and nursing home

For at vi skal komme oss til arbeidsplassen må vi først gå i 10-15 minutt, deretter undergrunn på 50 minutt siden vi må igjennom heile London. Eit lite kaffè stopp på North Greenwich før vi vidare tar buss til arbeidsplassen. Vi starter arbeidsdagen vår kl. 10.00 og reiser heime frå vertsfamilien kl. 08.05, i løpet av arbeidsadgen har vi tre ulike pausar. Vi har ein pause før lunsjen til brukarane på eit kvarter. Etter at brukarane har ete får vi ein time pause.- eg og edel reiser på McDonald's for å ete lunsj. (veldig billig) 

I dag etter lunsjen hadde vi bingo der edel også var med samen med nokon av brukarane hennas. Vi skulle eigentleg hatt ein til pause mellom etter lunsjen vår og til 15.30 på 15.min, men det lot seg ikkje gjer i bingotida. 

Eg har allereide blitt kjent med dei fleste brukarane på avdelinga mi. Ho eine viste seg å vere kunstner og pleier og teikne alle personer som besøker avdelinga. Ho tok seg tid til å teikne meg også med eit resultat av dette. 
-Sofia

1 kommentar:

Dato: 13.03.2020   Idag skulle vi ikkje på utplassering grunna coronaviruset, så vi fann ut at vi skulle ut ein tur og handle. Dagen start...