onsdag 11. mars 2020

LONDON

Hallaien! Edel Anne her!

Da var det vell min tur og starte eventyret.

I dag har eg hatt min andre dag i praksis her i London. Eg jobbar på Time Court Residential and Nursing home, ilag med Sofia. Dagen startar ganske tidleg med at eg må vere ute av døra kl.8 for å komme meg på jobb. Eg har ein og ein halv time reise med både undergrunn og buss, som er ALT for lenge hvis du spør meg. 
Dei ansatte ved Time Court er kjempe hyggelige, og har forståelse for at reisa er lang, derfor har vi desse 2 første dagane hatt ein del pauser. Vi har også Mc donalds 5 minutter unna jobbplassen, så matpausen blir nok der ein del gongar.. hehe. 
På slutten av jobbdagen i dag spilte vi bingo ilag med nokon av dei andre brukarane på sjukeheimen, som var veldig kjekt. Meg og brukaren eg hjalp fikk bingo på 2 av 3 rekker, som ho synest var heilt fantastisk:) Jobbdagen vår startar 10.00 og slutta 15.30 i dag. 
Etter jobb var det strake vegen heim, der vertsmor møtte oss med middag. Ho er kjempe flink til å lage mat, og laga ein kjempe god lasagne til oss i dag!! 

I går på praksis plassen fikk vi omvisning og mykje praktisk informasjon om nødutganger og kva vi skal gjere hvis vi kjem over ein situasjon der det brenner eller om ein brukar detter. Etter jobb tok vi undergrunnen til Westfield shopping center, der vi åt på restaurant shoppa lite vetta. Vertsmor har satt innetid til 23.00 og vi kom frå Westfield fem minutter før innetida;) 
Ettersom at vi har reist en del fram og tilbake tvers gjennom London, nesten, har vi jo fått sett litt. 
Så legg ved nokre bilder!









^Time Court
(praksisplassen)










~ Edel Anne ~

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Dato: 13.03.2020   Idag skulle vi ikkje på utplassering grunna coronaviruset, så vi fann ut at vi skulle ut ein tur og handle. Dagen start...